Info

Fair Play-utvalet i Austevoll Kommune –
eit samarbeid mellom Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL.
I sesongen 2011 vart det satt meir fokus på Fair Play i fotballen i Austevoll Kommune. Blant anna fekk klubbane ein Fair Play ansvarleg. I januar 2012 var ein av dei Fair Play ansvarlege på samling saman med andre klubbar i Hordaland Fotballkrets. Der vart det utveksla erfaringar i samband med Fair Play arbeidet som vert gjort i kretsen vår. Då kom idèen om at det hadde vore kjekt å opprette eit felles Fair Play-utval for dei 3 klubbene i kommunen vår. Utvalet vart etablert, og består av representantar frå Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL.
Nokre av FairPlayutvalet sine mål og retningslinjer:
*Fair Play-helsing før og etter alle kampar
*Kampvert i barne- og ungdomsfotball
*Haldningskontraktar for alle spelarar
*Årets Fair Play lag i Austevoll Kommune