Lovnorm for Selbjørn IL

Generelt om lovnorm for idrettslag
Idrettslaget skal ha ei lov som er i samsvar med NIF-lova og denne lovnorma. Lova skal godkjennast av idrettskretsen. Lovnorma er ufråvikeleg og inneheld eit minimum av det idrettslaget må ha i si eiga lov. NIF-lova og lovnorm for idrettslag skal leggjast til grunn i alt lovarbeid i idrettslaget.

Lovendringar
Alle lovendringar må vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore ført opp på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmene. Lovendringane må sendast til idrettskretsen for godkjenning. Lovendringar i idrettslaget si lov som følgje av endringar i NIF-lova, trer i kraft straks. Lovendringar vedtekne av idrettslaget sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av idrettskretsen. Ved endring av lova kan idrettslaget leggje til det idrettslaget sjølv vurderer som nødvendig å ha regulert i eiga lov. Intern organisering av idrettslaget skal regulerast gjennom idrettslaget sin organisasjonsplan.

Motstrid mellom idrettslaget si lov og NIF sitt regelverk/lovnorm
Tillegga/endringane i idrettslaget si lov kan ikkje vere i strid med NIF sitt regelverk (NIF-lova, reglar og forskrifter) eller mot denne lovnorma. Ved eventuell motstrid mellom ein regel i idrettslaget si lov og NIF sitt regelverk/lovnorm, vil regelen i idrettslaget si lov vere tilsvarande ugyldig.

Det er kommet endringer i lovnorm for idrettslag vedtatt av idrettsstyret 22 oktober 2015.

«Alle idrettslag må vedta ny lov (vedtekter) for idrettslaget på årsmøtet i 2016»

Endringer omfatter:

Blant annet regler for kontingent, årsmøtetidspunkt, gruppestyre og midlertidig fratagelse av medlemskap.

 

NIF-lova, reglar og forskrifter er tilgjengeleg på www.idrett.no

 

Lov for Selbjørn Idrettslag